Melding om arrangement
Den ansvarlege for store arrangement, utstillingar, konsertar, møter og andre tilstellingar skal i god tid (2 veker) sende melding til lokal branntilsynsmyndighet (Vest-Telemark brann og redning IKS), dersom arrangementet skal haldast i et bygg eller på eit område som normalt ikkje blir brukt til slike arrangement, jf. Brann- og eksplosjonsvernlova § 7.
Ved melding om arrangement kan brannvesenet krevje dei opplysningane som er nødvendige for å vurdere faren for brann, og om nødvendig pålegge brannsikringstiltak og begrensningar for arrangementet.
Når skjemaet er utfylt sendas det elektronisk ved å trykke «Send» knappen. Felt som er påkravde er merka med stjerne, *.
Vest Telemark Brannvesen IKS informerer lokalt brannvesen om arrangementet.